Velkommen til nye Psykopp.no!

Litteratur som kan hjelpe på einsemda

Illustrasjonsfoto

Einsemd over tid er ei psykisk påkjenning som kan føre til depresjon, konsentrasjonsvanskar og ei overveldande kjensle av isolasjon. Koronahausten 2020 førte til auka einsemd for mange, kor forskarar spesielt trakk fram einsame studentar. Det er vanskeleg å vite kva som skal skje framover, og ein bør difor finne måtar å takle denne einsemda på. Kan litteraturen vere ein stad å søke til?

I 2011 gav Kyrre Andreassen ut romanen Svendsens Catering. Boka handlar om Johannes Svendsen sitt sviktande cateringfirma og slitet hans med å bygge opp bedrifta igjen. Han har to ungar, kone, ein bestevenn, hyggelege naboar og hunden Tarzanbamse. Likevel er Johannes einsam. Men kvifor? Boka er eit portrett av eit enkeltmenneske som mange antakeleg kan kjenne seg igjen i, kor livet er litt på skakke, men det skal bli bra igjen. Snart. Sjølv om Svendsens Catering kom ut for 10 år sidan, er tematikken om einsemd kanskje endå meir aktuell i dag.

Som lesar blir ein nysgjerrig på akkurat kva som gjer Johannes så isolert. Han er blant anna ikkje god til å kommunisere med dei rundt seg, og opplever at dei fleste jobber imot han. Bestevenen er aldri tilgjengeleg når Johannes treng han, kona og terapeuten speler på lag mot han, journalisten i lokalavisa er ute etter å ta han i alt han gjer, og svigersøstera vil øydelegge forholdet mellom han og kona. Lesaren ser kjapt at dette ikkje nødvendigvis er tilfellet. Problemet er ikkje at alle er imot han, men at han ikkje kommuniserer godt nok med dei. Oppførselen til Johannes blir uforståeleg for dei rundt han fordi han ikje deler tankane og ønskane sine. Konsekvensen er at Johannes blir einsam.

Ei undersøking gjort av Sentio på vegne av Universitas og NSO (Norsk studentorganisasjon) i fjor, viste at så mange som 3 av 5 studentar kjente seg einsame.  Som ny student sit ein ofte i ein eittroms hybel i ein framand by, utan nettverk eller familie. Festar, fadderveke, kollokviegrupper, seminar, quiz på studentbaren, spelkveldar eller andre sosiale samankomstar utanfor hybelen er essensielle delar av det å bygge seg eit nettverk som ny student. Då koronahausten førte med seg stenging av utdanningsinstitusjonar, skjenke- og besøksforbod, kunne ikkje studentane sosialisere som følge av å bli isolerte på hyblane sine. Isoleringa er endå pågåande no i mars 2021, og ser ikkje ut til å ende med det første. Sjølv med inntoget av vaksinen, kan ein ikkje rekne med at samfunnet er tilbake til eti pre-korona-tilvære i næraste framtid. Ein kan difor forsøke å tenke alternativ som ein kan ta nytte av akkurat no.

Og her vil eg kome tilbake til Johannes. Han står ikkje i ein korona-pandemi, han kan gå på festar med fleire titals menneske og han kan ha besøk når han vil. Men Johannes viser fram noko viktig når det gjeld å vere einsam. Han greier blant anna ikkje å dele kjenslene sine med nokon andre. Det er viktig å kommunisere med andre om korleis ein har det, kva ein tenker på og strever med, for å kunne vere i stand til å nærme seg kvarandre. Ikkje gjer som Johannes, men prat med nokon og fortel korleis du faktisk har det! Johannes er i tillegg ein som ventar. Han ventar på at ting skal bli betre med kona og ungane, og at cateringfirmaet snart er på fote igjen. Snart. Ein har gjerne ein liknande kjensle under korona-pandemien; ting opnar seg snart opp igjen, vaksinen er snart tilgjengeleg for alle, ein kan snart treffast igjen, snart klemme igjen. Men det siste året har vist at dette ikkje ordnar seg i morgon. Kanskje ikkje neste månad eller neste år heller.

Litteratur som Svendsens Catering kan difor hjelpe på einsemda som koronapandemien har ført med seg, ved at ein lærer av Johannes sine feil. Snakk med dei rundt deg og ikkje set livet på vent. Sjølv om ein er fysisk isolert, finst det gode digitale alternativ. Over videolink kan ein ete middag saman, drikke kaffi i lunsjen eller ta eit glas vin i kvar sin hybel, ha Netflix-party eller spele Among Us. Svendsens Catering er i tillegg ein høgst humoristisk roman som bør lesast. Kanskje venekretsen kan lese han og svare på kvifor Johannes måtte bite kjærasten til dottera på baksida av låret?

Av Oliver Øvereng
Masterstudent i nordisk litteratur ved UiB

Last ned brosjyren

INTERESSERT I NYHETER eller INFORMASJON FRA OSS?
Registrer din epostadresse

Thank you! Your submission
has been received!

Oops! Something went wrong while submitting