Velkommen til nye Psykopp.no!

Dei unge er opnare om eiga psykisk helse

Foto: Merethe Opstad Clausen
For 30 år sidan måtte VGS lærar/rådgjevar Kristin Gilje Johannessen ofte lirka med ungdom om psykisk helse. Nå er unge langt opnare om kva dei slit med og har større kunnskap om diagnosar.

I dag kan ho utan problem snakka ope om problem i høve til mat og sjølvskading, fortel ho.

- Me bygger ein god relasjon og får til ein dialog der det ikkje er naudsynt å spørje så mykje, fordi dei unge sjølv vel å fortelja og har eit sterkt ønske om å komme seg vidare. For meg er det viktig at dei unge skjønar at eg er på lag med dei i målet mot ei betre framtid. Og det er veldig kjekt å få til noko saman med eleven, påpeiker Johannessen.

Kristin Gilje Johannessen har i ei årrekke vore rådgjevar ved Randaberg videregående skole og er initiativtakaren bak temadagen om psykisk helse for avgangselevane i Sør-Rogaland. Den såkalla Skoledagen som er ein del av Schizofrenidagene samlar rundt 1700 elever og er det største arrangementet av sitt slag i verda, og har ein eigen plass i  Guinness rekordbok, kan Johannessen fortelja.

Under Skoledagen er elevane engasjerte både før, under og etter tilstellinga. Dei unge bidreg med kulturinnslag og programleiing. Arrangementet har auka mykje  i format sidan starten på 90-talet. Ofte er det venteliste for å få bli med, fortel Kristin Gilje Johannessen.

Ho har også laga ei rekke filmar og kompetanseprogram som tematiserer psykisk helse blant ungdom, blant dei mest kjende er filmen: «Hva er det med Monica?»

Eit smalt felt før

Då Kristin Gilje Johannessen byrja å arbeida med psykisk helse blant ungdommar i vidaregåande skule, blei jobben hennar sett på som eit felt for spesielt interesserte. I løpet av dei vel 30 åra ho har arbeidd med fagfeltet har ho opplevd at psykisk helse blir stadig meir stovereint. Rådgjevaren registrerer auka forståing for kvifor det er så viktig å arbeide med psykososiale tiltak.

- Det er veldig førebyggande at det skjer kjekke ting. Psykososialt arbeid gjennom dans og drama er helse­fremmande i ein skule som i for stor grad er teoribasert. Då er det viktig å få brukt sine kreative sider også, seier Johannessen som heile si yrkesaktive karriere har vore oppteken av kva det vil seia å vera menneske.

Ho fortel at tidlegare var undervisninga om psykisk helse i stor grad diagnosebasert. I dag snakkar ein meir om helsefremmande ting.

Skoledagen, som er ein del av Schizofrenidagene, samlar rundt 1700 elever og er det største arrangementet av sitt slag i verda

Gode verktøy i skrinet

- Psykisk helse er ikkje noko som fell i hovudet på deg. For meg er det viktig å gi dei unge verktøy slik at dei kan handtere eigne liv og bli psykisk sunne og robuste. Eg fortel dei mellom anna at i stressa tilstand er det ikkje lett å ta rasjonelle avgjerder, difor er det viktig å roe seg ned først. Dagens unge har mykje kunnskap om ulike diagnosar som depresjon og eteforstyrringar. Nå konsentrerer me oss meir om korleis me skal halde oss psykisk friske og sterke. Då er det ofte lurt å finne eit prosjekt utanfor seg sjølv, å berre driva med sitt eige livsprosjekt blir for snevert. Det er godt for menneske å få brukt seg sjølv og finna si form i eit prosjekt utanfor seg sjølv, hevdar ho.

Kva er normalt?

Johannessen oppmuntra unge til å ta tak i liva sine og stå for noko. På Randaberg videregående er ho innom alle klassane og snakkar om ulike tema knytta til psykisk helse. Ofte kjem også enkeltelevar for å prate med henne etter slike klassesamlingar.

- Det er heilt tydeleg at elevane set pris på dette høvet til å få lufta vanskelege ting. For mange må eg berre stadfesta at det dei tenker er normalt, men somme gonger må eg også seie; Dette er for mykje, så nå vil me hjelpa deg. Me skal vera med og letta børa di.

Ifølge Johannessen slit mange unge på grunn av nye relasjonar i heimen, ein del føler seg også åleine og somme har seinskadar etter mobbing i barneskulen og er difor utrygge på andre.

Historier gir effekt

Kristin Gilje Johannessen likar å bruka historier i si formidling. Nå skal ho snart snakka til elektroelevar om temaet mobbing.

- Men eg brukar ikkje det ordet. Eg har i staden laga ei forteljing som handlar om ein som står opp for nokon, for å illustrera kor viktig det er å vera aktivt greie.

Det handlar om å skapa ein inkluderande kultur blant elevane kor det å mobba nokon blir oppfatta som like ille som å stela.

- Eg spurde ein klasse eg har korleis dei ville reagert om nokon i klassen blei mobba. Då fekk eg til svar at det ikkje ville gått an i deira klasse. For det er dette det handlar om; å skape ein kultur med positive verdiar kor det ikkje er plass til det negative, understrekar ho.

Rådgjevaren prøver heile tida å setja dei ulike tema inn i ein samanheng. Slik også med rus.

Psykisk helse grunnmuren

Dersom nokon slit med rus, spør eg gjerne korleis vedkomande ønsker at livet skal sjå ut om fem år? Deretter spør eg kva som kan vera til hinder for å nå desse livsmåla.

Ho rosar kollegane sine og seier staben er blitt veldig flinke til å fanga opp elevar som slit.

Skulekvardagen inneheld så mykje viktig, men for Kristin er dette sjølve grunnmuren, då er det viktig at alle er på, understrekar ho.

Dei unge er opnare om eiga psykisk helse

Psykopp tok ein prat om psykisk helse med tre unge som deltok på Skoledagen under årets Schizofrenidagar.

Foto: Merethe Opstad Clausen

Sondre Middelthon (18), Hetland videregående skole:

- Eg veit ikkje så mykje om psykisk helse, og ser fram til å læra meir. Det første som slår meg når eg høyrer om psykisk sjukdom er angst og depresjon. Sjukdommen schizofreni som konferansen handlar om, kjenner eg ikkje til.

I hans hovud har ein psykisk sjuk eit forvridd syn på verda på ein eller annan måte.

- Alle har oppturar og nedturar i livet, men hvis du er veldig forskjellig frå andre, eller føler at heile livet berre er ein lang nedtur, trur eg det er noko med psyken til denne personen, utdjupar han.

Sondre fortel at dei i gjengen hans ikkje snakkar mykje om korkje psykisk helse eller psykiske plager.

- Det kunne me nok godt gjort. Eg trur eg hadde blitt sjokkert viss eg hadde høyrt at nokon av mine næraste var deppa. Det kan vera vanskeleg å sjå på folk kva dei slit med. Eg har jo via andre høyrt om unge som slit psykisk og trur mange har problem utan å visa det. Dei eg har høyrt om har slite med angst og depresjon og eteforstyrringar som har gjort dei ekstremt tynne. Problema deira kjem ofte for ein dag fordi dei er lite på skulen, fortel han.

Han meiner betre kunnskap om psykisk helse er ein god ballast å ta med seg vidare i livet, fordi ein aldri veit når ein sjølv kan få bruk for kunnskap om temaet.

- Eg føler meg heldig som ikkje har nokre psykiske problem, fordi eg veit mange strevar. Det har nok samanheng med at eg har eit bra liv med trygg familie og gode venner.

Sondre legg til at det i tillegg kan hende at enkelte kjensler blir sjukeleggjorte blant enkelte unge, slik at diagnosar blir sette på normale kjensler som til dømes nervøsitet og uro.

- Nokon brukar kanskje diagnosar for å få merksemd, seier Sondre.

Mobbing er ikkje bra for den psykiske helsa. Då Sondre gjekk på barneskulen stod han opp for ein som blei mobba, og bad dei andre om å slutta å plaga han.

- Det var heilt naturleg for meg å gjera det, og eg trur nokon skjerpa seg etter eg gav beskjed. Også på vidaregåande ville eg heilt klart gripe inn om eg hadde sett noko grovt, men det er ikkje alltid like enkelt å trekke grensa mellom kva som er erting og kva som er mobbing, påpeiker Sondre.

Foto: Merethe Opstad Clausen

Sofie Våge Godøy (17), Sandnes videregående skole:

- Eg veit ikkje mykje om korleis psykisk sjukdom funkar eller korleis ein får det. Schizofreni har eg høyrt dreier seg om at ein person kan ha fleire ulike personlegdommar, forklarer Sofie.

Psykisk helse er noko alle har, legg ho til, men helsa kan vera ulik frå person til person.

- Somme er opne om ting som depresjon og angst, andre lukkar det inne. Sjølv vil eg seie eg har ei god psykisk helse og tenkjer lite på kva som vil skje i framtida.

Sofie kjenner heller ikkje til at nokon i vennegjengen som slit med slike problem.

- I min gjeng snakkar me mykje om korleis me har det og kva me føler. Eg kan vera open med vennene mine, og har også tette band til familien min. Det er godt å vite at eg har folk rundt meg dersom eg treng nokon å snakka med, seier ho.

Den unge kvinna kan av og til kjenne på stress i samband med skulearbeid.

- Å vera nervøs er noko du er av og til. For meg betyr det å ha angst at du er redd heile tida. Å vera lei seg er heller ikkje det same som å vera deprimert. Når du er deprimert isolerer du deg og er nedstemt konstant. Hvis nokon av vennene mine fekk ein depresjon, trur eg at eg ville fanga det opp. Det hender jo eg ser filmar som indirekte gir meg kunnskap om menneske som slit psykisk. I starten forstår eg ikkje alltid kva det går i, men etterpå kan det gå opp eit lys for meg kva det heile handla om, forklarer Sofie.

Foto: Merethe Opstad Clausen

Anas Hassan (18), Hetland videregående skole:

Også for Anas er psykisk sjukdom knytt til angst og depresjon, men han vedgår at han har lite generell kunnskap om temaet psykisk helse.

Han kjenner fleire som slit både med angst og depresjon.

Kvardagsplager som mobbing og mentalt stress har han også sjølv kjent på kroppen.

- Du forstår det når folk nesten ikkje er på skulen og stressar mykje. Dei sluttar å smila og slit med å følga med i timen. Ofte kan det vera ting heime som ikkje er bra. Det er viktig for meg å vere ein god ven, ein dei kan lufta tankane sine for, og eg er også open om mine eigne problem, fortel Anas.

Sjølv vil han ikkje seie han har psykiske problem, men han er til tider nervøs og lei av alt stresset på skulen.

- Eg blir stressa av karakterpresset for eg har ambisjonar om å gjere det bra på skulen. Målet mitt er å studere medisin og bli nevrolog, og då må eg ha gode karakterar, forklarer han.

Anas seier det blir lite tid til det han har lyst til. Det meste av tida blir brukt på lekser og jobb. Berre i helgane har han tid til å vera med venner.

- Heldigvis har eg fine lærarar og kan få utsett ei innlevering viss det har blitt altfor travelt, fortel 18-åringen som også er russepresident ved skulen sin.

-  I det vervet kjenner eg eit stort ansvar for at alle får ei god russetid i eit bra fellesskap.

Av og til les han om folk som slit psykisk, no sist om bloggaren Sofie Elise, kan han fortelja.

last ned
Vedlegg
INTERESSERT I NYHETER eller INFORMASJON FRA OSS?
Registrer din epostadresse

Thank you! Your submission
has been received!

Oops! Something went wrong while submitting

})});