Livet etterpå – Om vegen vidare etter alvorlege kriser

Sted
Bokhuset
Tid
29.01.2018 kl. 19.00
Pris
200

Livet er krevjande for dei fleste både ein eller fleire gonger. Korleis kan ein då gripe fatt i utordringane? Er det mogleg å få fast grunn under føtene og finna glede i kvardagen att etter tøffe tak? Kva grep må ein i så fall gjere sjølve?

Gro Skartveit har skrive boka «Livet etterpå» Her deler ho si eiga og fleire andre si historie. Ho blei misbrukt i eit kristent miljø. Då ho stod fram som lesbisk, forlot ho jobben og mista delar av nettverket. Skartveit har i mange år møtt folk i krise. Gjennom folks erfaringar vil ho gjere lesarane betre rusta til å møte og leve livet etter at det aller verste har skjedd.

Espen Hana har vore tørrlagd alkoholikar i snart 10 år. Han har tidligare fortald ope om problema rusen skapte i kvardagen og grepa han måtte ta for å bli rusfri, melom anna i den forrige boka til Skartveit «Den usynlege smerta» om rus og pårørande.

Vi ønsker Gro og Espen velkommen tilbake til Bokhuset for å dele erfaringar som kan gje både lærdom og håp, mellom anna gjennom samtale og musikalske innslag.

Siste gongen dei to vitja Bokhuset var det fullt hus og kvelden blei ein fantastisk opptur! La ikkje sjansen gå frå deg.

Velkommen!

 

BILLETTER KJØPES HER

Del...
Tweet about this on TwitterShare on Google+Share on LinkedInShare on FacebookEmail this to someone