Velkommen til nye Psykopp.no!

Å springe for livet.

Foto: Shutterstock

Frå terapirommet:

-      Korleis kjennas det i kroppen no?

-      Det strammar seg, det prikkar i hendene og beina.

-      Kva får kroppen lyst til å gjere?

-      Eg veit ikkje...

-      Får den lyst til å gå ut herifrå?

-      Ja, eigentleg.

-      La oss lytte til den, vi tek med oss jakkane og går ein tur rundt kvartalet....

Den danske filosofen Søren Kierkegaard har sagt som følgjer: «Tap for all del ikke lysten til å gå: jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den.»

Kva er det som skjer med oss når vi går? Når vi rører oss som respons på høgt stress? Kva er det som gjer at når eg skal ta ei krevjande telefonsamtale så finn eg meg plutseleg vandrande rundt og rundt på kontoret mens me snakkar?

Det handlar om hjernen vår. Det handlar om finurleg evolusjonsmessig design. Du har sett det på naturprogram: Korfor står gasellen og ristar på savannen, etter at den med naud og neppe har sloppe unna eit angrep frå eit rovdyr? Fordi det hjelper enormt. ”Vi ristar det av oss”, seier vi, kanskje utan tanke for kor innmari klokt og evolusjonsmessig designa nettopp risting er.

Å bruke kroppen er verkeleg medisin etter å ha opplevd skremmande hendingar. Det får meg til å tenke på då eg for fleire år sidan var på besøk på eit senter for gatebarn på Filippinene. Gatebarna på Filippinene hadde opplevd vald, overgrep, neglekt og prostitusjon, korfor kom dei seg så raskt etter at dei kom inn på senteret vårt? Ein av grunnane må vere fysisk aktivitet. Fordi dei spelte fotball, dansa, stupte, sumde og turna heile dagen. Dei var fantastiske akrobatar, og dei hadde enormt med kraft og humør, til tross for alt som hadde hendt.

Ei natt kor vi gjekk gjennom gatene for å helse på barn som framleis budde på gata, var det ein liten gut som sa:

-       Kom tilbake i morgon tidleg kl.05, då har vi løpetrening.

-       Løpetrening?

-       Ja, eg er sinnssykt rask, eg klarer å springe frå politiet kvar gong!

På traumefeltet har vi dei siste åra fått mykje kunnskap og metodar som legg vekt på at kongevegen til betre psyke går via kroppen. Forsking viser at for sterkt traumatiserte barn kan aktivitetar som inneber bruk av store muskelgrupper og sansestimulering vere livsnaudsynt medisin. For å gjenopprette stagnert utvikling, og hjelpe barn som har blitt forsinka utviklingsmessig på grunn av høgt stress og grufulle opplevingar i tidleg alder, så må barna få bruke kroppen. Med jamleg påfyll av slik aktivitet, kan ein rette opp skeivutvikling, og hjelpe barna inn i ei tilstand kor dei er mottakelege for læring og refleksjon, som er avgjerande for skolegang.

Ein miljøterapeut på ein barneskole fortalte meg nyleg korleis ho organiserte matte- og norskoppgåver for ein traumatisert elev. Ho tok han med ut av klasserommet, bort til eit rom med trapper. Ho la så matteboka oppe i ei trapp, norskboka oppe i ei anna trapp, og ga guten i oppgåve å springe opp, gjere litt matte, springe ned igjen, gjere litt gymnastikk, springe opp den andre trappa for så å gjere litt norsk. Fungerte det? Jepp. Ville han klart å gjennomføre dei same oppgåvene ved pulten sin klasserommet? Neppe.

Men du treng ikkje vere traumatisert for å kunne ha enorm nytte av bruk av store muskelgrupper og sansestimulering.

Ta min no vaksne bror som døme: For 15-20 år sidan, då eg var student og han var ungdomsskoleelev, skulle eg hjelpe han med å øve til mattetentamen. Det måtte skje på følgjande vis: Fyrst matematikkoppgåver inne ved kjøkkenbordet i 20 minutt, så rett ut og springe rundt huset. Han fresa av garde rundt den lange trønderlåna vår, eg sto i kjøkkenvindauget og heia. Så kom han inn; nye 20 minutt over bøkene; og så pilte han ut igjen.

Korfor fungerte dette? Sjølv seier han at han var ”så rastlaus” og at det gjorde han ”kvikkare i hjernen”. Ein terapeut ville ha sagt at hyppige dosar med fysisk aktivitet heldt han inne i toleransevindauget, slik at han klarte å konsentrere seg og var mottakeleg for innlæring. Toleransevindauget er eit omgrep som skildrar det nivået av aktivering i nervesystemet kor du fungerer best. Vert aktiveringa for høg, klarer du ikkje å tenke skikkeleg, klarer ikkje å vere til stades. Vert aktiveringa for låg, gjeld det same. Vi må ha ein viss puls for å klare å fungere godt, men ikkje for høg, ikkje for låg. Kor vi er, innanfor eller utanfor toleransevindauget vårt, det varierer frå time til time, frå minutt til minutt.

Og om vi skulle hamna utanfor toleransevindauget, og dermed kjenne oss for urolege, eller for slappe eller for nummen, så kan det hjelpe med rørsle og sansestimulering. Tenk på når du står fast i ei problemløysing, eller har blitt ramma av skrivesperre – kan det ikkje vere magisk å ta ein varm dusj, for så å forsøke å finne ut kva du skal gjere? Eller gå seg ein tur ut i frisk luft, og så vende tilbake til tastaturet? Vi gjer jo slikt stadig vekk, fordi vi kjenner i kropp og sinn at det fungerer.

Nyleg såg eg eit nyheitsinnslag frå Canada: Ein barneskole hadde slutta med ideen om at du skal gå fint på rekke frå klasserom A til klasserom B. No hadde elevane fått hinderløype i korridoren, laga ved bruk av tape og store klistremerker, som gjorde at dei kunne hoppe, balansere, og hinke seg på veg inn og ut av klasseromma. Så lurt, og så rimeleg! Og for enkelte av våre elevar kan det utgjere enorm skilnad. Og kva skjer med førekomsten av utagering og åtferdsforstyrringar ved skolen? Det kan vi jo tenke oss.

”No klarer eg å fokusere”, sa ein gut på skolen. ”Det hjelper når eg kjenner at eg må vere aktiv”, sa ein annan. Barnehjernane veit dette, det er jo difor barnekroppane sprellar, fordi dei treng det for utviklinga si! Det er ikkje bra for innlæring å sitte rett opp og ned på stolen, det er ikkje bra for den som har med seg traumer i skolesekken, å måtte halde kroppen heilt i ro i tre kvarter i strekk.

Vi treng sansestimulering, barnehjernar under bygging treng det veldig, men sanneleg er det medisin same kor du er i livsløpet. For slike aktivitetar hjelper også vaksenhjernen å halde seg innanfor toleransevindauget sitt.

Eg tilrår difor alle lærarar å ha ein dose favorittduft på kontorpulten. Eller nokre urter i vindaugskarmen på klasserommet. Eller å setje i gong hode-skulder-kne-og-tå midt i mattetimen, for barna, og for seg sjølv.

Kierkegaard var sikker, for lenge sidan:”(...) ved å sitte stille, og jo mer man sitter stille, desto nærmere kommer illebefinnendeet. Bare i bevegelsen er sunnheten og helsen og finne.”

Last ned brosjyren

INTERESSERT I NYHETER eller INFORMASJON FRA OSS?
Registrer din epostadresse

Thank you! Your submission
has been received!

Oops! Something went wrong while submitting